Ingen nye oppdateringar
Eg observerer at trufaste lesarar framleis er innom dagleg i håp om oppdateringar. Eg kan diverre melde om travle tider, og for første gong på fleire år verkar ikkje stresset positivt inn på antal blogginnlegg. Eg skal likevel ikkje legge ned bloggen denne gongen, haha, men eg melder om at det blir eit aldri så lite opphald her inne ein periode. 8.desember tek eg forhåpentlegvis eksamen i medieteori OG leverer oppgåve om internkommunikasjon, før eg 14.desember satsar på å få levert heimeeksamen i metode. Først må eg berre skrive om heile innleveringa eg leverte førre veke, og samstundes forsøke å halde meg sjølv oppegåande og i live. Og så må eg kurse konfirmantar i menneskerettar, og skrive ein artikkel. Så kjære lesar, med mindre du vil følge meg på twitter, snakkast vi ikkje att før eg har fylt 23 og reist på juleferie til Bergen.
Ha det finare enn meg i november!










